Ideelt aksjeselskap er eit aksjeselskap utan formål å generere avkastning til eigarane. Selskapet skal nytte overskota til å reinvestere og utvikle huset vidare. Ei slik omdanning vil fordele stemmer og påverknad over til eigarane basert på eigarprosent (talet på aksjar).
I eit samvirkeforetak (SA) er det omsetning (i dette tilfelle husleige i idrettshallen) som avgjer kven som bestemmer på generalforsamling
Etne Kommune og Etne IL representerer totalt 95 prosent av omsetninga som eigarlaga har hjå Skakke og dette vil i stor grad bli reflektert i eigarskapet inn i eit nytt ideelt aksjeselskap. Sparebankstiftinga er tydelege på at Etne Kommune ikkje bør vera ein stor eigar i Skakke. Dette er det to vesentlege årsaker til:
• Det er uheldig at dei som største leigetakar også er dei som «bestemmer» på andre sida av bordet, når blant anna leigevilkåra (pris) skal setjast.
• Sparebankstiftinga har vedtektsfesta følgjande; «Stiftinga skal disponere overskot og gje bidrag til ålmennyttige føremål», slik Finansforetakslova stiller krav om at stiftinga skal ha. Dersom Etne Kommune eig for stor del av Skakke, vil stiftinga vera forhindra frå å gi gåva på 30 millionar kroner.
For at stiftinga skal få oppfylt krava til å kunne gi gåva, må altså eigarskapet til kommunen ned. Dette meiner stiftinga at ein best oppnår med ei omfordeling av aksjane til kommunen. Ut frå stiftinga sitt bidrag på 30 millionar kroner og kommunen sitt bidrag med 4 millionar kroner, er Sparebankstiftinga sitt forslag at kommunen sin aksjepost vert fordelt på hhv 30/34-delar på stiftinga og 4/34 deler til kommunen.
Det er eit krav frå Kulturdepartementet at meir enn 50 prosent av eigarane av Skakke skal vera kvalifiserte til å søkje spelemidlar. Stiftinga er ikkje kvalifisert til å søke slike midlar. Difor vil stiftinga straks redusere sitt eigarskap. For å unngå at Etne IL, som også er ein stor leigetakar i idrettshallen, åleine skal eige meir enn 50 prosent, må ein finne andre lag i Etne som er godkjente av kulturdepartementet. Av andre, er det berre Etne Karateklubb og Etne Skyttarlag som har ei slik godkjenning i Etne. For å balansere eigarskapet i Skakke, vert det føreslått å gi 11 prosent av aksjane til ein av (eller begge) desse. Saman med Etne IL sin aksjepost på 32,9 prosent og Etne Kommune sin aksjepost på 7,22 prosent, vil dei til saman oppfylle kravet frå Kulturdepartementet (11+32,9+7,22=51,12 prosent).
Stiftinga vil sitje att med ein vesentleg del av aksjane i Skakke, men me ønskjer å gi frå oss desse så snart me ser at Skakke er på det sporet me ønskjer. Stiftinga har interne rutinar som forpliktar oss til å følgje opp gåvene me gir, og at dei vert nytta til det formålet me i utgangspunktet gir gåva til. Oppfølginga vil variera etter storleik og karakter. Ei gåve på 30 millionar vil naturleg nok medføre ei anna oppfølging enn ei gåve på nokre hundre tusen kroner. Difor har me sagt at me ønskjer å engasjere oss i ein periode, i form av å vera ein aktiv eigar. Me vil bidra til å sørgje for at Skakke vert drive på ein god og berekraftig måte i fortsetjinga, slik at gåva går til føremålet – ei god og varig løysing for drifta til Skakke. Så snart me ser at me er komne der, vil me gi frå oss aksjane til andre lag som ønskjer å ha eit sterkt eigarskap til Skakke inn i framtida. Me vil likevel vera ein langsiktig og aktiv støttespelar til Skakke, sjølv om me ikkje blir ein stor eigar.
Med dei beste intensjonar om å skapa ei varig løysing for kulturhuset vårt.
Sparebankstiftinga Etne
Asbjørn Moe, leiar generalforsamling
Frode S. Robberstad, styreleiar
Rune Ramsvik, dagleg leiar
Debatten går om Skakke si framtid, sjå andre debattinnlegg her:
debatt@grannar.no
Har du ei meining om denne saka, eller noko heilt anna? Send ditt bidrag til debatt@grannar.no